lørdag 20. oktober 2007

Flaks, flaks og atter flaks.

"Kjøpt og betalt" er det som passar til dette innlegget, etter at Liverpool igjen vann ein kamp med hjelp av litt flaks og ein veldig einsidig dommar. Første målet, som skjedde på straffe var det innblanda holding. Hibbert holdt Gerrard utanfor 16-meteren og på veg inn, og dei fekk allikavell straffe og direkte raudt kort til hibbert. (PATETISK!)

Det andre målet, som og skjedde på straffe var godkjent. Phil Neville handsa for å redde eit skot som hadde gått i mål. Dermed fekk han direkte raudt og kuyt scorte på den straffen og. Heilt ok og grei dommaravgjersle.

So rett etterpå vart Lescott holdt av Carragher, kraftig. Og før i kampen hadde han og blitt holdt kraftig av han, men han fekk ikkje noko straffe før i kampen. Etter 90 minutter vart Lescott holdt så kraftigt at han datt, og dommaren vinka spelet vidare.
Elendig dommaravgjersle, min meining. Viss dommaren; Mark Clattenburg, skal dømme straffe til L'pool etter 52 minutter, skal jammen meg everton ha fått straffe etter 90 minutt.

Kampen endte 2-1 til L'pool
Eigentlege resultatet; 2-2! (Om det hadde vært ein an dommar)