mandag 26. januar 2009

Banner til fjellsportfestivalen





Denne banneren har kanskje ikkje den beste kvaliteten og den beste designen, men eg ville skape noko enkelt på veldig kort tid. Sidan me òg ikkje får karakter på denne oppgåva brukte eg mindre tid enn eg vanlegvis gjere.

Her er nr 2 som eg berre ville lage ei svart ramme rundt.

fredag 9. januar 2009

Portefolie/Radio

Læreplanmål:

  • Analysere bruk av kilder innen ulike medier og i egne produkter, og selv utøve kildekritikk
  • Velge og bruke utstyr og programvare tilpasset produkt og rammevilkår

Tidlegare i år fekk me i oppgåve å lage ei aktuell radiosending. Me blei delt inn i grupper, men skulle lage våres eigne blokker. Eg og Simon jobba ilag.


Bjørn - Veitastrond


Det som eg har fått inspirasjon av innan radio
: Radioresepsjonen heimeside
Radioresepsjonen er eit radioprogram som i tillegg til humor gjer deg radioteater på HØGT NIVÅ! Om eg nokon gong skal byrje med radio, er det pågrunn av desse folka. Her er litt av kva dei har å tilby: Radioresepsjonen: Spencer ringer Bjarte

Framgangsmåte:
Det fyrste me gjorde var å finne ei aktuell sak. Eg kom på at Bjørn skulle spele mot Veitastrond den veka me fikk oppgåva, og derfor valde me å ta denne store lokalhendinga.

Når me skulle byrje å tenke på kjelder til denne hendinga er det viktig å ha kjeldekritikk og stille seg spørsmål som foreksempel:
  • Er kjelda truverdig?
  • Er kjelda objektiv?
  • Er kjelda nøyaktig?
  • Er kjelda eigna for formålet?
  • (Mediemøter, s. 40)
For å få med alle sin meining i denne saka intervjua me trenaren til både bjørn og veistastrond både før og etter kampen for å få pre-match kjensler og etter kampen kjensler. Det er viktigt å få med god miljølyd/Kontentum når du er på intervju. "Miljølyd består av stort sett av lyd vi kan sjå på som sympton"(Lyd 2.0, s. 22)

I vår samanheng, når det gjeld live frå staden er kontentum veldig viktig. Me tok med kontentum frå dommaren, alle måla, ein utvisning i kampens hete osv. Då får lyttaren føre seg eit bilete at han er der.

Om ein arbeidar med radio, gjer du alt sjølv: "du legg ein plan, gjer ein avtale, møter samtalepartneren, gjennomfører samtalen og tek opp det heile"(Lyd 2.0, s. 27). Men den aller viktigaste delen av lydopptak er sjølve ideen. Ein må vite kva ein skal formidle gjennom bodskapet. Det me ville formidle var eit storoppgjer mellom veitastrond og bjørn som begge var store opprykkskandidatar. Det er ikkje ofte det møt opp 300 mennesker på ein 5-divisjonskamp i Sogn og Fjordane.

Som utstyr brukte eg og Simon Maycom, som er handhaldt opptaksutstyr. Når du skal intervjue er det viktig å bruke fokusering av lydkjelda. "Plassere mikrofonen så nær lydkjelda som mogleg"(Lyd 2.0, s. 29)

Innanfor lyd og lydprodusering er all lyd som kjem med på opptaket viktigt. Derfor er det særs viktig at me ikkje fekk med støy. "Støy er uønsket lyd"(Lyd 2.0, s. 63). Smatting og smålydar, kontentum, støy, ikkje språkelege menneskelydar. Det er ting du vil unngå under opptak som er vanskeleg å få vekk under redigering. Derfor er det viktig at opptaka er gode!


Under radioproduksjon er det viktig å vite korleis du sit under ein samtale, korleis ein gjennomfører intervjuet og får det best mogleg opptaket.

Redigering:
Etter alle opptaka og blokkingen(
Under blokkinga brukte me ein kulemikrofon og "Bruk av proximityeffekten").(Lyd 2.0, s. 77) måtte me redigere det samen. Programmet me bruka til lydredigering er Soundtrack Pro. Ved bruk av klipping og liming, bruk av kontentum til og i overgangar. Redigeringa er det som tek lengst tid av heile prosessen. For å få overgangane gode og lyden til å passe bra, volumet justerast, bruk av inn og ut-fading og få det perfekte produkt. Det du gjer under redigerina er klipping og liming, gjennomgong av produktet, og deretter finpussingen til slutt. Om produktet skal bli bra, må redigera vere bra!


Vurdering:
Det ferdige produktet blei som eg og simon ville. Det er viktig at plasseringen og stemmekvaliteten under blokkinga er bra, og det fikk me til på denne saka. Det einaste me kunne gjort annarledes, og ifølge Inge kjell, var å få kontentum frå publikum. Ellers er saka godt gjennomført, god mikrofonbruk, gode intervjuobjekt og god blokking og veldig godt kontentum frå kampen.

torsdag 8. januar 2009

Portefolie/Design













Læreplanmål:
  • "Bruke ulike teknikker i idéutvikling fra research til ferdig konsept, dokumentere prosessen med idéskisser og presentere konseptet for en oppdragsgiver."
  • "Bruke form og farger som virkemidler i egne produksjoner og vurdere virkemidlene."
Framgangsmåte:
Me fekk eit oppdrag av Atle Nedrelo av å laga logo til gründercamp for Sogndal VGS. Det fyrste eg byrja å gjere var å starte med idèskisser over korleis denne logoen skulle sjå ut. Ein logo må tilfredstille desse krava:
  • Må vere tidlaus
  • Må vere lettlest
  • Må kunne kjennast att
  • Må kunne brukast både i fargar og svart-kvitt
  • Må kunne brukast i forskjellige storleikar
Som inspirasjon såg eg på forskjellige logoar(Mediedesign, s. 190) Som t.d. Kellog´s.
Kellogs bygger på oppfinnelse av corn flakes. Kellogs kom til norden i 1929. Denne logoen kan minskast, forstørrast utan at kvaliteten blir dårleg, fordi den bruker bitmap og rekning istaden for pixler. Den er lettleseleg og alle kjenner den att.

Eg valde å bruke ein mann og ein unge som hovudsymbol i denne logoen, der eg henta skissa ned frå nettet og teikna den om med lasso-tool slik at det vart ordentleg kvalitet og at eg ikkje tok deiras design. Symbolbruken i logoen har stor vesentleg del for grunnlaget av denne. "Teikn vi må kjenne tydinga av for å forstå, kallar me symbol"(Mediemøte, s. 24)

Mannen skal vere veiledaren for den unge. Han skal vise vegen til gründercamp. Under teksten "gründercamp" står alle verdiane til UE.

Målgruppa må vere klar: Kven skal du kommunisere ein bodskap med? I mitt tilfelle ungdom på Sogndal vidaregåande skule. Denne gründercampen skulle vere ein stor sjangse for ungdom å sette seg inn i samarbeid, marknadsføring og skapinga av eit produkt. Det var òg premiar til vinnarlaga for beste design, idè og framføring.

Fargebruken:
Fargebruken blei sett etter at eg brukte diverse symbol. Eg brukte hjertesymbol for å skildra at du skal gå den rette vegen, altså der hjertet seier(Høyrest ut som ein klisje). Eg brukte skarp raudfarge som skulle tyde VARME. Altså ein varm farge! (Mediedesign, s. 516)

Symbolbruk:
Hjerte, lyspære og mann følgjer unge. Alle desse tre er viktige ting i denne logoen. Uten dette hadde det ikkje blitt nokon logo. Mannen er hovudsymbolet(som sagt tidlegare.) Lyspæra skal tyde idè, hjartet skal tyde varme og mannen veiledning. Desverre var ikkje dette nok til at eg vann konkurransen.

Font:
Krav til bokstavar:
  • Bokstavane må kunne identifiserast.
  • Bokstavane må vere forskjellege.
  • Bokstavane må vere enklast mogleg.
  • Bokstavane må kunne reproduserast.
  • (Mediedesign, s. 193-194)
Eg valde å bruke skrifta comic sans MS fordi eg føler at skrifta er mjuk/blaute og passar bra til symbola. Ein skal ikkje bruke løkkeskrift fordi det er vanskelegare å tyda. Derfor brukte eg ein enkel skrift som er lettleseleg og har fine former.

Vurdering:
Dei kreative vala eg tok var eg særs fornøgd med ettersom fargebruken passar bra, symbolbruken er god og fonten er bra. Det einaste minuset er at om eg må forminske denne logoen kan "verdiane til UE bli vanskelege å lese". Hjertet og lyspære symbolet vil og bli litt vanskeleg å tyde ettersom dei er ganske småe frå før. Alt i alt er eg fornøgd med logoen min!



Portefolie/Avis


Læreplanmål:

  • "Å kunne uttrykke seg skriftlig i medium og kommunikasjon innebærer å utforme tekster i ulike sjangrer til bruk i ulike medier. Det innebærer også å kunne skrive et variert og presist språk."
  • "Analysere bruk av kilder innen ulike medier og i egne produkter, og selv utøve kildekritikk"
Framgangsmåte:
I Haust fekk me ei oppgåve å skrive ein nyheitsartikkel/reportasje.

Då eg var på utplassering i sportavdeling Budstikka media der eg jobba under André Strømnes fekk eg erfaring i korleis skrive nyheitsreportasje.


Eg valde å skrive om den heldige gaupningen Pablo Navarro som var ein av dei 16 heldige som kom inn på Jæren surfelinje. Pablo fekk inspirasjonen sin i 3ID når han og klassen var på Surfing på Stadt. Saka mi blei ei undersak av ei annan sak som Margreta skreiv om surfing på Stadt.

Prosessmodellen eg brukte: SENDAR --> MEDIUM(BODSKAP) --> MOTTAKAR.(Mediemøte, s.19)

Surfaren Pablo Navarro, også tidlegare idrettselev var på Jæren folkehøgskule då me fekk denne oppgåva. Eg sende derfor EMAIL til han med alle spørsmåla som eg hadde planlagt.


Målgruppa var å nå ut til dei som bur i indre sogn. Ungdom i ein alder av 16-20, dei som søkjer utfordringar innanfor utdanningen sin. SJØLVSAGT var denne artikkelen for alle, men å skrive om ein ungdom frå Gaupne som tek seg eit år på folkehøgskule er for folk som vurderer eit slikt valg sjølv!

Saka mi.
Oppsettet:
Det første eg lærte på Budstikka Media var å aldri bruke oppattaking i:

  • Ingress
  • Brødtekst
  • Tittel
  • Biletetekst

For å få saka mi GOD, prøvde eg å følgje nokre av nyheitskriteria.(Mediekommunikasjon 2, s. 296)

Tittel:
Skal skildre saka si heilheit. Heile temaet skal bli "hinta" av i tittelen. Eg sleit ein god stund med val av tittel for å ikkje bruke oppattaking, men kom fram med eit veldig godt sluttpunkt!

Biletet:
Biletet er noko av det viktigaste. Viss biletet er dårleg, mistar lesaren litt av interessa for saka. Noko av det fyrste ein lesar ser etter er kontrastar òg biletet. Ein skarp raudfarge vil fange merksemd, og det samme vil eit godt bilete. Eg valde derfor å bruke eit "action"bilete av Pablo under surfing, som skildrar temaet og artikkelen som heilheit veldig godt!

Ingress:
Brukte korte og lettforståelege setningar, med ikkje bruk av oppattaking. Ingressen skal forklare saka kort og greitt! Eg fortel enkelt om plassen Jæren og kva folkehøgskulen har å tilby. For å få den ingressen EG ville ha måtte eg undersøkje om folkehøgskulen. Ingressen skal gjere lesaren interessert, altså korte setningar og fakta. Lesaren må ikkje bli LEI.

Hovudtekst/Mellomtekstar:
Bruk av intervju, gode mellomtittlar og alt som skal få lesaren interessert. I ingressen fekk ein vite kort kva Jæren har å tilby, men i hovudteksten får du vite pris, og kva dei gjere iløpet av året. Om du les ingressen og blir interessert, kjem du garantert til å stille deg sjølv spørsmål. Dei får du svar på i hovudteksten.

Avslutning:
"Avslutningen er noko av det viktigaste" - Andrè Strømnes. Som avslutning valde eg å bruke eit sitat frå intervjuobjektet mitt. Han fortel om det beste med surfing!

Vurdering:
Eg føler sjølv at denne artikkelen tilbyr lesaren det meste. Relevans, identifikasjon, nærleik, vesentleg og forståing. Det eg prøvde å gjere var å bruke nyheitskriteria som veiledning for korleis eg skulle finne ei sak og skrive ei. "Nært framfor fjernt og nytt framfor gammalt".(Mediemøte, s. 121). Det einaste eg ville gjort annarledes om eg kunne var å tatt intervjuet "ansikt til ansikt". Dei kreative vala eg tok var akkurat som eg ville ha det og eg føler at denne artikkelen når ut til den målgruppa eg ville ha. Om du les tittelen og ingressen på denne saka, garanterer eg at du vil lese ferdig!