tirsdag 20. mai 2008

Kva me kunne gjort anleis og korleis metodar me brukte.

Intervjuet med lensmann Thue kunne me ha tatt i studio. Det som kunne hendt var at det kunne skjedd noko medan den tiden fra intervjuet til sendinga. Om foreksempel det hadde blitt slåsskamp den natta måtte me ha intervjua på nytt. Altså "nytt framfor gammalt"

Og ved å få Thue i studio kunne me skapt ein konflikt! Der me hadde sett Guro Loftesnes opp mot Thue og stille dei kritiske spørsmål. Under intervjua stilte me dei kritiske spørsmål, der foreksempel me hinta til Thue at dei kanskje må skjerpe på "vakthaldet" natt til 16.

Kjeldevalget me gjorde var avgjerande. Valget av lensmann Thue, ekspert Allan Sande og russepresident Guro gjorde at saka blei interessant for folk i alle aldrar! Målgruppa var 18-30 år der me sette inn musikk for å få fleire lyttarar. Ikkje berre listepop men litt meir "klassisk rock".

Vinkling og "medievridning"
me prøvde å vinkle litt på at det ikkje hadde vert noko særleg til bråk med russen i år, men at hendinga med Gjest Baardsen kan ha vert russerelatert. Derfor stilte me Thue kritiske spørsmål, til både russen og politiet.
Me drog og inn at kanskje russen brukar for mykje peng! på VG nett var det ei sak om russ og pengebruken deirar der me stilte kritiske spørsmål om russen til ekspert Allan Sande! "Brukar russen for mykje peng? Er dei blitt for bortskjemte?"
Men ein må vere kritisk til nyheiter på nett! Dei kan ikje vere heilt nøyaktige, og derfor stille kritisk til all informasjon på nett.

Det at me stressa veldig på slutten grunna problemer med Maycom opptak gjorde at det kunne blitt meir presisert. Deadlinen vår var til fredag kl 12 og den nådde med knapt mellomrom. Hadde me ikkje fått tekniske problem og problem med eit intervjuobjekt kunne me ha tatt det litt meir med ro.

Strukturen på radiosendinga vår var bra oppbygd der me planta og hausta, innannonnserte sangar og veksling mellom stemmebruk der me gjorde sendinga meir interessant med oppbygging av opptak, intervju i studio og musikken relaterte veldig bra til manuset og oppsettet vårt.

Iallefall! ver kritisk til alle nyheiter, dobbeltsjekk om intervjuobjektet er klart og gå gjennom manuset setning for setning.

mandag 19. mai 2008

Mandag 19. prosjekt

Heile dagen gjekk ut på å skrive rapport. Eg og Ola bestemte oss for å skrive ein rapport ilag. Eg kan ikkje skrive noko særleg meir enn dette på denne dagen!

lørdag 17. mai 2008

Fredag 16. Mai prosjekt

DETTE VAR DEN AVGJERANDE DAGEN.
Me starta dagen med å eigentleg ha besøk av Per Magne Sviggum, men eg og Ola måtte jobbe ferdig med manuset og køyreplanen grunna problem med det tekniske før.

Me starta med å sette oss ned for å gjere ferdig manuset, og måtte skifte på nokre sangar sidan han ikkje hadde nokon av dei på P-vest! Me måtte skifte ut sangar og dermed endre litt på manuset og køyreplanen men det tok ikkje lang tid. Etter det snakka me med Inge Kjell om manuset og køyreplanen og skreiv ut fleire eksemplar.

Me reiste ned på P-vest halv 12. Frå den tida til kl 2 øvde me oss, gjekk igjennom om han hadde sangane, problem med køyreplan? men alt var i orden.
Ola trefte på Guro kvart på 2 slik at ho var klar i studio. Medan eg ringte Allan Sande for å forsikre meg at han va klar!
Me skulle på sending rett etter nokre nyheiter i par minutter, altså 5 minutter over 2.

Sendinga gjekk bra! me gjorde ingenting feil, og det blei ikkje noko problem med lyden, utanom at Allan pratte litt lågt.
Men alt i alt var sendinga bra, og det var kjempemoro! Me reiste heim 10 på 3!

onsdag 14. mai 2008

Onsdag 14 mai prosjekt

Eg er usikker på om eg skal skrive på bloggen for onsdag sidan du eigentleg sa at det var kun nødvendigt mandag, tysdag og fredag. Men iallefall i dag fekk me to timar mediefag til prosjektet.

Ola og eg byrja med å ta oss ein prat med Inge Kjell, eg hadde fått tak i minnekortholdar og kunne endeleg redigere opptaka. Overgangane frå opptak til opptak blei bra der me gjorde slik at det passa samen. Inge kjell skulle prate med oss om me hadde sendt musikklista og manuset.

Ola pratte med han medan eg byrja å redigere opptaka på anke og lensmannen.
Eg brendte dei redigerte opptaka ut på to forskjellege cd-ar. Me har no ein dag pluss 2 timar før på dagen på fredag til å fikse ferdig manuset og køyreplanen til allan.

Eg reiste ned på P-vest på slutten av dagen med dei to cd-ane til allan og sidan torben tydlegvis er på sjukehus måtte eg ringe ola og be han sende musikklista til allan istaden. Me reiste heim som vanleg halv 4.

Medan eg var i Fjøra tok eg bilde av Gjest Baardsen som er blitt farga raud og det har vert tankar om at det kan vere russen som står bak. MEN! Grunna dårleg mobil og mac sin "supre" måte og legge ut ting på nettet fekk eg ikkje til å legge ut bildet. Må prøve seinare!

tirsdag 13. mai 2008

Tysdag 13 mai, prosjekt

To første timane var matte, derfor ingenting å sei meir om det.
Etter det fekk me besøk av fotografen og idrettselev Thomas Morell som lærte oss litt om foto, fortalde litt om kvifor han byrja med foto, viste oss forskjellege oppdrag og fortalde oss om då han var i Amerika i eit studio der han tok dansebilder.

Etter ein time med prat og bilder fra oppdrag reiste me bort til studioet til Thomas der han hadde med seg sitt eige kamera Hazzelblad som er verdt over 200-300 tusen kroner! Han viste oss litt bevegelsesbilder og korleis skape bildet du vil ha! "Dansebilder" var eit døme han viste oss, han lot nokre av oss prøve og ta bilde og. 2 interessante timar!

Etter besøket fra Thomas var det klart for våre eigne timar til prosjektet. Ola og eg byrja med å ta oss ein prat med Inge Kjell anngåande radiosendinga. Me bestemte oss for å flytte radiosendinga fra onsdag til fredag grunna problemar undervegs. Intervjua våre blei sletta, Guro hadde heildag osv, og ho treng me helst i studio.

Etter det reiste me bort på idrett for å sjå etter russepresident Guro, men ho var ingenstad. Deretter gjekk me inn i klasserommet og Ola sendte musikklista til Torben. Eg derimot lagde spørsmål til lensmannen i Sogndal som me skulle ned å intervjue, og spørje han litt om korleis det har vært for politiet under russetida. Det me kunne gjort anleis her var å istaden få Thue i studio!

Me reiste ned, hadde avtalt møte med han, men då me kom ned måtte han i avhør, derfor reiste me opp att. Då me kom opp bestemte eg meg for å ringe russeksperten Allan sande som har skreve ein artikkel om rus og russefeiring, og avtale ein telefonintervju med han fredag ettermiddag! Han blei hjarteleg med på dette. Etter det reiste me ned på politistasjonen kvart på 3, og fekk der eit intervju med han. Han unnskyldte seg for at han ikkje holdt tida!

NB. "nytt framfor gammalt". Me valde jo å intervjue Thue som opptak og det som kunne skjedd var at det kunne skjedd noko anna fra den tiden av opptaket til sendinga. Derfor måtte me ha teke eit nytt opptak. Me valde å ta me ei veldig nær sak, "nært framfor fjernt", det med Gjest Baardsen.

Etter intervjua reiste me opp og eg prøvde å leite etter minnekortholder for å legge innpå maycom opptaka på dataen og redigere til onsdag. Men sidan alle minnekortholdarane er vekke blei det ganske vanskeleg. Eg pratte derfor med Synnøve Astrid og ho skal derfor kjøpe nye til onsdag.

Me reiste heim halv 4!



Ola på politistasjonen.

mandag 12. mai 2008

Fredag 9, prosjekt

Eg og Ola byrja dagen med å skrive at eg skulle byrje å ta nye opptak, ola fortsatte med manuset og eg byrja med køyreplan. Sangane blei sendt inn, der me valde oss ut maks 3 sangar kvar og deretter satte me opp kven av dei som skulle spelast først og sist(ifølge manuset)

Eg sendte deretter ein email til ein som har skrevet ein artikkel om "rus og russekultur som overgangsrituale i livet" der han fortel oss litt om kva slags påverknad rus har og overgangen fra konfirmasjon til russetiden.

Allan Sande, heitte han. Eg fekk deretter nummeret hans som eg skal ringe til på måndag og avklare om han vil vere med på eit telefonintervju.

På slutten av dagen tok eg og ola eit intervju med Sigrid og kva hennas meiningar var om russ fordi dei forrige opptaka våre blei øydelagte.

Stort sett heile dagen gjekk ut på å skaffe enda ein intervjuobjekt, altså Allan Sande, men grunna at han var oppteken kunne eg ikkje ringe han før måndag. Manuset er ferdig, i følge Ola og køyreplanen manglar den siste ting.

Me reiste heim halv 3.
(eg kunne ikkje skriva denne før helga PGA. det er noko alvorleg gale med bloggen min, den vil ikje publisere av og til og derfor blei eg forsinka til denne bloggen)

onsdag 7. mai 2008

Onsdag 7 Mai prosjekt.

Sjøl om me eigentleg skulle skrive blogg om måndaga, tysdaga og fredaga har me hatt to timar med prosjekt i fordjuping i dag og derfor vurderte eg å skrive litt om det.

Dei to timane fortsatte me med å jobbe med manuset vårt. Sangane som me skal bruke på sendinga skal sendast inn til p-vest med siste frist fredag.

Inge kjell ville eg og snakke med oss køyreplanen og kva me alt i alt skal ha om. For sendinga skal vare i omtrent 40 min, 7 sanga, beregning av tid osv. Han skreiv alt ned på eit ark og dermed fekk me ei skisse, som blir til stor hjelp. Han anbefalte oss og i tillegg å kanskje skaffe oss eit nytt intervju og. Fordi det er ikkje nok med Anke og eit intervjuobjekt. Me kunne skaffa oss eit intervju med ein russefeiring ekspert eller noko anna.

Deretter bestemte ola og eg oss for at han fekk arbeide seriøst med manuset og eg redigering av intervjuopptaka. MEN.. desverre fann eg ut at det var noko gale med opptaka. Det gjekk ikkje an å spele dei av, så derfor må me eller eg ta nye intervjuopptak. Det var seigt å finne det ut so seint som no, men ein må gjere det på nytt.

Sidan opptaka var udugelige må me endre litt på planen vår, ettersom dette ikkje var planlagt.

Dagen slutta som vanleg halv 4.

tirsdag 6. mai 2008

Tirsdag 6. Mai Prosjekt



RUSSE-TELTET.

Dagen starta med to mattetimar med Leidvin, men etter det fekk me besøk av Bjørn Bergum som er fotograf. Han hadde tatt med seg forskjellege bilder, portrett osv.
Han lærte oss litt om inpirasjon til å ta bilder, kvifor han valde å fortsette med fotograf etter alle desse åra, osv.
Det var to interessante timar iallefall der dei som skal ha foto som prosjekt bør ha fått med seg ein del etter besøket!

Dei siste timane av dagen starta med at eg og Ola hadde ein idèmyldring på saka. Det hadde jo akkurat vert innlegg i Sogn Avis om mobbing, at russen er utsatt for mobbing.

Inge Kjell sa jo i starten av prosjektet at me kanskje burde tenke på litt kontrastar, og det fekk meg til å tenke forleden dag, og det kom fram i idèmyldringa at me burde tenke på kontrastar i forhold til russ. Foreksempel kva er forskjellen på russ her i Sogn og russ i foreksempel Oslo? Ressursar? osv.

Men det var sjølve starten av prosjekt-timane. Me måtte jo endeleg bli ferdig med siste intervjua våre, altså to intervju nede i fjøra. Eg intervjua ein barneskule-elev om russ, sjølv om ho ikkje var særleg pratsom fekk me eit ok intervju.

Ola intervjua ein elev som sjølv er russ, korleis han oppfatta mobbing mot russ og feiringa til russ. Det tok ikkje så særleg lang tid, så etter det stakk me opp og sette oss ned for å jobbe meir med manuset.

Me lagde eit døme av ein INTRO som kanskje kan brukast, og første intervjuobjektet. Kor nokre av sangane skal brukast og kven som skal sei kva. Einaste me manglar no er å bekrefte ein gong til at Guro kjem i studio, spørsmål til ho, resten av manuset og ein kjapp og grei redigering av intervjuopptaka våre.

Me reise heim kl 15.30!

(Eg reiste inn på fronter og fann linken men passordet funka ikkje eller brukarnavnet som det skulle, og dermed kom eg ikkje inn. Det sto brukarnavn på den lista, men sto ikkje noko passord som eg hadde til "MIN BRUKER")




Me tok eit bilde fra russe-teltet innanfra der me ser korleis det er etter ein fest.