onsdag 7. mai 2008

Onsdag 7 Mai prosjekt.

Sjøl om me eigentleg skulle skrive blogg om måndaga, tysdaga og fredaga har me hatt to timar med prosjekt i fordjuping i dag og derfor vurderte eg å skrive litt om det.

Dei to timane fortsatte me med å jobbe med manuset vårt. Sangane som me skal bruke på sendinga skal sendast inn til p-vest med siste frist fredag.

Inge kjell ville eg og snakke med oss køyreplanen og kva me alt i alt skal ha om. For sendinga skal vare i omtrent 40 min, 7 sanga, beregning av tid osv. Han skreiv alt ned på eit ark og dermed fekk me ei skisse, som blir til stor hjelp. Han anbefalte oss og i tillegg å kanskje skaffe oss eit nytt intervju og. Fordi det er ikkje nok med Anke og eit intervjuobjekt. Me kunne skaffa oss eit intervju med ein russefeiring ekspert eller noko anna.

Deretter bestemte ola og eg oss for at han fekk arbeide seriøst med manuset og eg redigering av intervjuopptaka. MEN.. desverre fann eg ut at det var noko gale med opptaka. Det gjekk ikkje an å spele dei av, så derfor må me eller eg ta nye intervjuopptak. Det var seigt å finne det ut so seint som no, men ein må gjere det på nytt.

Sidan opptaka var udugelige må me endre litt på planen vår, ettersom dette ikkje var planlagt.

Dagen slutta som vanleg halv 4.

Ingen kommentarer: