tirsdag 6. mai 2008
Tirsdag 6. Mai Prosjekt
RUSSE-TELTET.
Dagen starta med to mattetimar med Leidvin, men etter det fekk me besøk av Bjørn Bergum som er fotograf. Han hadde tatt med seg forskjellege bilder, portrett osv.
Han lærte oss litt om inpirasjon til å ta bilder, kvifor han valde å fortsette med fotograf etter alle desse åra, osv.
Det var to interessante timar iallefall der dei som skal ha foto som prosjekt bør ha fått med seg ein del etter besøket!
Dei siste timane av dagen starta med at eg og Ola hadde ein idèmyldring på saka. Det hadde jo akkurat vert innlegg i Sogn Avis om mobbing, at russen er utsatt for mobbing.
Inge Kjell sa jo i starten av prosjektet at me kanskje burde tenke på litt kontrastar, og det fekk meg til å tenke forleden dag, og det kom fram i idèmyldringa at me burde tenke på kontrastar i forhold til russ. Foreksempel kva er forskjellen på russ her i Sogn og russ i foreksempel Oslo? Ressursar? osv.
Men det var sjølve starten av prosjekt-timane. Me måtte jo endeleg bli ferdig med siste intervjua våre, altså to intervju nede i fjøra. Eg intervjua ein barneskule-elev om russ, sjølv om ho ikkje var særleg pratsom fekk me eit ok intervju.
Ola intervjua ein elev som sjølv er russ, korleis han oppfatta mobbing mot russ og feiringa til russ. Det tok ikkje så særleg lang tid, så etter det stakk me opp og sette oss ned for å jobbe meir med manuset.
Me lagde eit døme av ein INTRO som kanskje kan brukast, og første intervjuobjektet. Kor nokre av sangane skal brukast og kven som skal sei kva. Einaste me manglar no er å bekrefte ein gong til at Guro kjem i studio, spørsmål til ho, resten av manuset og ein kjapp og grei redigering av intervjuopptaka våre.
Me reise heim kl 15.30!
(Eg reiste inn på fronter og fann linken men passordet funka ikkje eller brukarnavnet som det skulle, og dermed kom eg ikkje inn. Det sto brukarnavn på den lista, men sto ikkje noko passord som eg hadde til "MIN BRUKER")
Me tok eit bilde fra russe-teltet innanfra der me ser korleis det er etter ein fest.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar