onsdag 30. april 2008

29 April. prosjekt

Tysdagen starta to timar med Ragnvald som skulle lære oss litt om lyd. Han viste oss forskjellege metodar for lyd som skal brukast i film. (passar bra for dei som skal lage film i klassen)
Han tok fram eit døme i Behind Enemy Lines der me fekk høyre kontentum veldig godt, fotsteg og "skremmande" musikk til når noko skulle skje. Me lærte iallefall ein god del om lyd.

Resten av dagen for meg og Ola gjekk ut på å tenke ut manus. Sidan me har hatt så god tid med prosjektet vårt, sidan me ikkje skal på radio før neste veke. Me valde oss ut nokre sangar som me ville spele på radioen, korleis opning me kunne tenkt oss, skal me utannonsere eller innannonsere sangane, og korleis intervjuobjekt me vil ha(i studio eller via telefon). Sånne ting som dette. Det vart mykje dautid den dagen der sidan intervjua eg skal ha skal eg ta i Gaupne i dag, med nokre born fra barneskulen og ungdomsskulen innanfor meiningar(som me har drevet me måndagen og fredagen).

Me er ikkje ferdig med manuset, og dagen i går gjekk og mykje på at eg leitte etter gamle manuset mitt til radiosendinga eg og Karoline hadde. Sidan eg ikkje fann den, prøvde eg å finne radiosendinga (via lyd sjølvsagt) og høyre korleis me gjorde det, sidan eg syns den sendinga vår var bra.

Oppgåva mi til måndag er sjølvsagt og intervjue ferdig og tenke ut manuset, kanskje skrive det ferdig.
Me fekk og til å avtale intervju med russepresident guro og at ho kunne komme i studio.
Me reiste heim kl 2.

(fekk ikkje lagt dette inn på bloggen i går pga. noko gale med bloggen, desverre)



Maycom, veldig mykje brukt i samanheng med radio.

1 kommentar:

Unknown sa...

Flotte blogginnlegg, der du forteller utførlig hva dere holder på med.

Jeg har lagt ut noen lenker på Fronter fra Mediemøte nett som dere kan undersøke nærmere.

Hvilken sjanger jobber dere med? Hva kjennetegner denne sjangeren? Hva er det som viktig at dere tenker på når dere skal gjøre et godt journalistisk arbeid innenfor denne sjangeren?