onsdag 30. april 2008

28 April. prosjekt.

Måndagen starta med radio med Inge Kjell. Han hadde pratt litt vesentleg om korleis lage ei bra radiosending. Han sette også på ei radiosending som han syns var bra oppbygd, og som ein kunne bruke som mal. Han brukte dei to timane på starten av dagen til å hjelpe oss(alle i klassen) men mest meg og Ola, sidan me skal ha radiosending. På slutten av timen sette han på radiosendinga til meg og Karoline.

Etter 2 timar med han byrja sjølve hovudarbeidet, prosjekt i fordjuping. Eg og Ola fekk rådgiving på fredagen om korleis me skulle skrive saka, og hadde allereie byrja å intervjua folk i fjøra. Måndagen starta med det same.

Me satte oss ned for å velgje ut spørsmål som me skulle bruke til intervjua, og tankar om korleis manuset skulle bli sett opp.
Etter 1 time med rådslaging mellom oss, reiste me ut for å intervjue.

Me hadde allereie planlagt å intervjue Dag Skram sidan han er ein vaksen mann. Meininga med intervjua våre er at me skal få meiningane til folk i forskjellege aldrar. Me har allereie fått intervjua ei hyggeleg gammal dame nede i fjøra, og Dag var meir enn hjarteleg te å bli intervjua.

Intervjuet tok me i eit stille rom, aleine med Dag fordi ikkje me ville ha so mykje støy.

Etter å ha blitt ferdige med intervjua, gjekk me opp att og la dei innpå dataen. Me er ikkje heilt ferdige med intervjua og kjem til å redigere opptaka neste veke.

Me reiste heim halv 4.

(grunna problem med bloggen har eg ikkje fått skrevet dei to siste dagane, måndag og tysdag før i dag.)

Ingen kommentarer: