fredag 25. april 2008

Prosjekt i fordjuping

Me måtte starta å skrive blogg idag, ein fredag 25.4.
Dagen starta med 2 tima med "korleis lage ein god film" med Daniel Volle, som har drevet med film sidan 8 kl. Me fekk sjå nokre av hans tidlegare arbeid, og fekk innblikk i korleis han lagar film, og korleis han får idear til å lage arbeida som han gjer, osv.


Etterpå byrja sjølve arbeidet med prosjekt i fordjuping.
Albertine måtte prate med oss anngåande "framdriftsplanen vår" og oppsettet av den. Me kom fram til at det var litt surrete og rett og slett ikkje bra nok skrevet. Vanskeleg å forstå planen.


Me satte oss derfor ned for å skrive ein meir grundig og betre plan. Med foreksempel "framgangsmåte, målsetting, problemstilling, research, osv"
Når me blei ferdig med den etter omtrent ein time arbeid la me den ut på fronter, med god respons fra Albertine at planen var bedre.


Dei siste timane av dagen var det å komme på korleis me ville vinkla saka me hadde bestemt oss for å lage. Altså RUSS. Ville me vinkle på historia til russen? kva folk syns om russen nå tildags? Korleis meininga folk har, osv.


Dagen før me skulle byrje å skrive blogg, altså planleggingsdagane, hadde me allereie byrja med å intervjue nede i fjøra, anngåande meiningar om russ. Me gjekk rundt å spørde folk nokre få spørsmål: Kva dei syns om russen? Er det meir festing no enn før? osv.


Det var mange som ikkje ville bli intervjua, slik at me ikkje blei ferdige og fekk dei opptaka som me trengte til innslaget vårt.

Men resten av fredagen gjekk ut på å fortsette med intervjua våre nede i fjøra, der me intervjua folk i alle aldrar og spørde dei kva dei syns om russ, osv.

Eg reiste heim med 14.00 bussen.

Ingen kommentarer: