mandag 27. oktober 2008

Entrepenørskap.

Entrepenørskap er å utvikle kreativiteten, skapargleden og ha tru på seg sjølv.
Ein kan definere entrepenørskap på fleire mangfaldige måtar. UE meinar at dette er det viktigaste for å lukkast innan entrepenørskap. Kjerneverdier: Framtid - Samspill - Skaperglede. http://www.ue.no/pls/apex/f?p=16000:1000:1299512169711505


I samband med skulen var det arrangert Gründercamp frå torsdag 18. til fredag 19. September. Alt i alt var det 8 VG2-klassar med på leiren. Formålet med denne campen var å gjere elevane betre kjent med entrepenørskap, kva ei ungdomsverksemd er og næringslivet i Sogn.

Alle skulle starta si eiga bedrift innanfor kvar gruppe. Me skulle skrive forretningsplan, oversikt over økonomien vår og diverse utgifter. Det aller viktigaste var å ha tru på at denne idèen kom til å lukkast. Over desse to dagane hadde me fleire foredrag frå blant anna Sparebank Vest, Trine Lerum frå Lerum og Eivind Husabø. Ansvarleg for Gründercamp var Atle Nedrelo som er arbeidslivkontakt på SVS. Det var ein premiepott på 9000 kr!

Ein kan sei at me fekk inspirasjon frå dette og bestemte for å laga vår eiga bedrift, Medieverket, som tilbyr deg alt innanfor media som t.d. nettside, logo til bedrift osv.

Bedrifta delt inn i tre hovuddelar: Londonturen, Vaffelsalg og Medieverket. Eg, Sigrid og Margreta fekk ansvar for London turen. Me oppretta tre bankkontoar for å halde styr på økonomien. Me bestilte 13 flybilletar frå http://restplass.no/ der me måtte betale eit depositum på 900 kr kvar, altså 13500KR.


Londonturen blei lagt på is til etter jul, der det blei lagt større vekt på diverse oppdrag og Vaffelsalget. Eg fekk eit oppdrag av ein av sjefane i gruppa vår, Simon B Venjum om å laga nettside til Medieverket.

For å lage ein nettsida må du ha ei bra skisse av korleis du vil at den skal sjå ut. Eg fekk med eingong inspirasjon frå http://www.loplabbet.no/. Har prøvd å lage eit par bannera og meny-linje og satt inn i Dreamweaver, men treng ein "oppussing" i programmet. EG har bestemt meg for at banneren skal sjå noko ut som dette



(fra løplabbet.no)

Istaden for teksten: trening og nettbutikk tenkte eg at eg heller kunne ha det vår bedrift tilbyr, altså foto,video osv. Menylinja vil eg at skal sjå noko liknande ut som dette

(fra løplabbet.no)

Me håpar også at me skal få ein god sum ut av eit oppdrag me har på Eid 7-8. November der me skal vere teknisk ansvarleg på FIRST LEGO LEAGUE. Me skaffar sponsorar sjølv, og me er sjølv avhengig av dess fleire sponsorar me får, dess meir peng tjen me. Pengane går til Londonturen!



tirsdag 21. oktober 2008

Entrepenørskap 21.10

Dagen gjekk ut på å jobbe med oppdraget som ei gruppe i klassen(Simon, Andrine og Margreta, inkludert meg) medan dei andre jobba med sponsing og langtidsplan.

Eg fekk i oppdrag å avtale filming av deirar klasse, men trengte bekreftelse av kontaktlærarane.
Ettersom ein del av desse lærarane/inkludert klassane var ute eller hadde gym, fekk eg ikkje bekrefta med idrett og allmenn, men med Sal og service.

Eg jobba eigentleg med Londonturen/saman med Sigrid, men den blei utsett til etter jul. Eg fekk eit nytt oppdrag av ein av ledarane i bedrifta vår: Medieverket, Eg skulle lage heimeside for oss.

Det fyrste eg gjorde var å ha ein idèmyldring og teikning av skisser. (legg inn bilde i kveld av skissene)
Det er alltid eit klassisk design til enkle, solide heimesider, men simon ville ha det litt meir spesiellt.

Derfor fekk eg inspirasjon frå dette:

Ja, det er eit bilde av macen. Men om eg hadde greidd å teikna ein litt semi-proff mac som heimeside "ramme" hadde vert veldig bra. Eg fann og eit bilete på nett som eg ville leggje i midten av data-skjermen, men var usikker på om det var copyright. Men eg fekk iallefall inspirasjon. Her kjem bilete:

Inspirasjonen min kom fra: http://veitastrond.com/
der dei har skapt ei så bra oppdatert sida, og med så enkelt og greitt design. EG vil helst at sida vår skal bli til sånn, men får ta å prate litt med dei andre.