tirsdag 13. mai 2008

Tysdag 13 mai, prosjekt

To første timane var matte, derfor ingenting å sei meir om det.
Etter det fekk me besøk av fotografen og idrettselev Thomas Morell som lærte oss litt om foto, fortalde litt om kvifor han byrja med foto, viste oss forskjellege oppdrag og fortalde oss om då han var i Amerika i eit studio der han tok dansebilder.

Etter ein time med prat og bilder fra oppdrag reiste me bort til studioet til Thomas der han hadde med seg sitt eige kamera Hazzelblad som er verdt over 200-300 tusen kroner! Han viste oss litt bevegelsesbilder og korleis skape bildet du vil ha! "Dansebilder" var eit døme han viste oss, han lot nokre av oss prøve og ta bilde og. 2 interessante timar!

Etter besøket fra Thomas var det klart for våre eigne timar til prosjektet. Ola og eg byrja med å ta oss ein prat med Inge Kjell anngåande radiosendinga. Me bestemte oss for å flytte radiosendinga fra onsdag til fredag grunna problemar undervegs. Intervjua våre blei sletta, Guro hadde heildag osv, og ho treng me helst i studio.

Etter det reiste me bort på idrett for å sjå etter russepresident Guro, men ho var ingenstad. Deretter gjekk me inn i klasserommet og Ola sendte musikklista til Torben. Eg derimot lagde spørsmål til lensmannen i Sogndal som me skulle ned å intervjue, og spørje han litt om korleis det har vært for politiet under russetida. Det me kunne gjort anleis her var å istaden få Thue i studio!

Me reiste ned, hadde avtalt møte med han, men då me kom ned måtte han i avhør, derfor reiste me opp att. Då me kom opp bestemte eg meg for å ringe russeksperten Allan sande som har skreve ein artikkel om rus og russefeiring, og avtale ein telefonintervju med han fredag ettermiddag! Han blei hjarteleg med på dette. Etter det reiste me ned på politistasjonen kvart på 3, og fekk der eit intervju med han. Han unnskyldte seg for at han ikkje holdt tida!

NB. "nytt framfor gammalt". Me valde jo å intervjue Thue som opptak og det som kunne skjedd var at det kunne skjedd noko anna fra den tiden av opptaket til sendinga. Derfor måtte me ha teke eit nytt opptak. Me valde å ta me ei veldig nær sak, "nært framfor fjernt", det med Gjest Baardsen.

Etter intervjua reiste me opp og eg prøvde å leite etter minnekortholder for å legge innpå maycom opptaka på dataen og redigere til onsdag. Men sidan alle minnekortholdarane er vekke blei det ganske vanskeleg. Eg pratte derfor med Synnøve Astrid og ho skal derfor kjøpe nye til onsdag.

Me reiste heim halv 4!



Ola på politistasjonen.

Ingen kommentarer: