onsdag 14. mai 2008

Onsdag 14 mai prosjekt

Eg er usikker på om eg skal skrive på bloggen for onsdag sidan du eigentleg sa at det var kun nødvendigt mandag, tysdag og fredag. Men iallefall i dag fekk me to timar mediefag til prosjektet.

Ola og eg byrja med å ta oss ein prat med Inge Kjell, eg hadde fått tak i minnekortholdar og kunne endeleg redigere opptaka. Overgangane frå opptak til opptak blei bra der me gjorde slik at det passa samen. Inge kjell skulle prate med oss om me hadde sendt musikklista og manuset.

Ola pratte med han medan eg byrja å redigere opptaka på anke og lensmannen.
Eg brendte dei redigerte opptaka ut på to forskjellege cd-ar. Me har no ein dag pluss 2 timar før på dagen på fredag til å fikse ferdig manuset og køyreplanen til allan.

Eg reiste ned på P-vest på slutten av dagen med dei to cd-ane til allan og sidan torben tydlegvis er på sjukehus måtte eg ringe ola og be han sende musikklista til allan istaden. Me reiste heim som vanleg halv 4.

Medan eg var i Fjøra tok eg bilde av Gjest Baardsen som er blitt farga raud og det har vert tankar om at det kan vere russen som står bak. MEN! Grunna dårleg mobil og mac sin "supre" måte og legge ut ting på nettet fekk eg ikkje til å legge ut bildet. Må prøve seinare!

Ingen kommentarer: