lørdag 17. mai 2008

Fredag 16. Mai prosjekt

DETTE VAR DEN AVGJERANDE DAGEN.
Me starta dagen med å eigentleg ha besøk av Per Magne Sviggum, men eg og Ola måtte jobbe ferdig med manuset og køyreplanen grunna problem med det tekniske før.

Me starta med å sette oss ned for å gjere ferdig manuset, og måtte skifte på nokre sangar sidan han ikkje hadde nokon av dei på P-vest! Me måtte skifte ut sangar og dermed endre litt på manuset og køyreplanen men det tok ikkje lang tid. Etter det snakka me med Inge Kjell om manuset og køyreplanen og skreiv ut fleire eksemplar.

Me reiste ned på P-vest halv 12. Frå den tida til kl 2 øvde me oss, gjekk igjennom om han hadde sangane, problem med køyreplan? men alt var i orden.
Ola trefte på Guro kvart på 2 slik at ho var klar i studio. Medan eg ringte Allan Sande for å forsikre meg at han va klar!
Me skulle på sending rett etter nokre nyheiter i par minutter, altså 5 minutter over 2.

Sendinga gjekk bra! me gjorde ingenting feil, og det blei ikkje noko problem med lyden, utanom at Allan pratte litt lågt.
Men alt i alt var sendinga bra, og det var kjempemoro! Me reiste heim 10 på 3!

Ingen kommentarer: