mandag 7. april 2008

dag 1 på jobb.

Det heile starta med å møte opp kl 8 om morgonen.
Andrè Strømnes var forsinka og kom ikkje før klokka var litt over 9. Eg blei sittande å leste vg i over ein time.

Da Andrè kom introduserte han meg for avdelingen hans, der eg fekk helse på tv-ansvarlege, journalistikk osv.
Etter eit par koppa me kaffi, eller sjokolademelk som eg drakk, blei det eit møte der me planlagde kven som fekk korleis oppgåver, heilt til avisa skulle trykkast kl 3, ettermiddagsavisa. Men først av alt, tok han opp ei avis der han klart og tydeleg viste at han va ikkje i humør øve forskjellege "skrivetabba" og "slurvefeil" som va komme på trykk. Han forklarte at slike ting ville han ikkje sjå meir.

Etter det blei fastsett fleire forskjellege oppdrag. Andrè Strømnes måtte vere på huset, fordi han hadde ansvar, mens nokon fekk i oppdrag om å avklare om Abbott-brødrene skal reise fra Frisk Asker eller ikkje. Det kom fleire saker opp i møtet, men me tok for oss det mest aktuelle.

Eg oppfatta aldri heilt namna på alle i avdelingen, men eg blei iallefall sendt ut på eit lite intervjuoppdrag saman med to kara, der ein av dei hadde ansvar for budstikka tv.

Me reiste bort til Nadderud og møtte på stabæk spelara, og spørde både noken av dei og Stabæk trenar Jan Jönsson om gårsdagens kamp.

Eg og mannen fra tv, fekk ansvaret for å intervjue Jan Jönsson og den nyinnkjøpte Johan Andersson, som blei tomålsscorer for Stabæk mot Lillestrøm. Korleis var debuten hans på heimebane, valget av klubb(kvifor valde han stabæk) osv.

Dagen blei lang, men desto bedre da me reiste til treningsstudioet Sats for å snakke me ytterlige fleire spelara, og sjå korleis treninga deiras gjekk. Eg fekk eit snarleg glimt av at Gunnarson tok seg ein liten trall på trimsykkelen, medan han las vg.sport. Du fekk sjå korleis dei strekte ut etter ein kamp, og fekk eit blikk i korleis det var å vere journalist. Tv2 var og på huset for å intervjue eit par spelara.

Stabæk virka som ei hyggeleg gjeng, og det gjorde dagen min morsom at eg fekk treffe dei.

Me kom tilbake til kontoret og eg fekk i oppgåve og gjere litt research på spelarstallane til Asker damelag, asker herrelag og bærum herrelag, budsjett, støtteapparat osv. og deadlinen min blei til slutten av veka. Andrè viste meg litt rundt på bygget på slutten av dagen, og forklarte dei forskjellege avdelingane.

Får håpe dagen imåro blir likebra som i dag.

Eg slutta på jobb kvart over 3.

2 kommentarer:

Unknown sa...

Dette høres spennende ut! Hvordan vil du si journalistene jobber i Budstikka? Hvordan bestemmer de seg for spørsmål? Hvordan bearbeider de svarene de får?

Er det forskjell på hvordan tv og avisjournalistene jobber?

Karoline sa...

so flink du e da!:)