fredag 11. april 2008

Siste dag på jobb.

Kom på jobb kl 9.

Dagen starta med eit oppsummeringsmøte der forklarte gårsdagensavis, og ke han syns va bra og litt mindre bra. Innlegget mitt va inne i avisa i går, og han syns den va bra(da va pluss).

Etter litt diskutering so pratte me om sakane som me skulle ha til mandagsavisa, 12 side me sport til mandag.

Eg fekk i oppgåve å finne ut om Bærum fotballklubb, som ikkje hadde oppdatert heimesida si, dermed måtte eg ringe rundt, samme med Asker herrer, der eg mangla å finne ut spelarkjøp og spelarsalg, dermed ringte eg Hans Knutsen, sportssjef.

Han var ikkje særleg snakkesalig, og ba meg sjekka heimesida, so villesje han snakke meir. Dermed måtte eg rekne ut ved å sjå på tidsperiodar osv.

Etter litt spørde André om eg ville vere med å Stabæk trening, og eg sa hjerteleg takk. Eg fekk to oppgåver, spørje talentet Torstein, 16 år gammel debut i tippeligaen eit par spørsmål, kva han lika, kva han hata, osv. Og finne ut om Mike Kjølø skal spille mot Bodø Glimt til helgi.

Då me kom der fekk eg sjå litt av treningen, sidan eg ikkje fekk intervjue før treningen blei slutt.

Torstein, var hjerteleg med på eit intervju og eg fekk stilje han spørsmåla og fekk bra svar. Han er faktisk fødd i Lærdal.

Mike Kjølø stakk tidleg, dermed fekk eg ikkje snakke med han, men eg fekk vite at han ikkje skulle spele, og skaden ikkje var blitt mykje bedre, han trente iallefall ikkje på den treningen.

Etter treningen fekk eg sitte på med André heim, slek at da kunne eg gå for dagen. Eg takka for meg, og at eg fekk vere på budstikka, det har vert kjempekjekt å få eit innblikk i å jobbe i norges største lokalavis.

Eg fekk jobbe masse med intervju, korleis skrive ei sak veldig bra, sjekke kjeldene mine, osv. Jobben på Budstikka har vert interessant og veldig kjekk. Anbefala å søke utplasseringsplass der!

(det blir lagt ut eit par bilete fra event som kick off på ullevåll og eit par bilder fra arbeidsplassen generelt)

Ingen kommentarer: