mandag 31. mai 2010

Portefolio/1-avisportrett og radioportrett

Læreplanmål:
  • planlegge, produsere, publisere, dokumentere og drøfte innhold i medieprodukter i ulike sjangrer og for ulike medier
  • produsere og drøfte medieprodukter i tråd med etiske normer og gjeldende regelverk
  • Velge og bruke utstyr og programvare tilpasset produkt og rammevilkår 

Det finst to typar tilnærmingar for kommunikasjon. Ein av dei er Prosessmodellen. Modellen skildrar korleis ein bodskap blir overført mellom sendar og mottakaren og korleis denne bodskapen kan møte ulike hindringar. (Mediemøte, s. 21)

Avisportrettet
Når det gjeld portrett finst det to forskjellige måtar å skrive portrett på. Du har det biografiske, som tek for seg objektets liv frå byrjinga til slutt. 
Dette er noko overfladisk. Så har du det naturalistiske, som skildrar møtet mellom intervjuar og objekt. Dette fortel ikkje den fulle og heile sanninga om objektets liv.

Det er fleire viktige fasar innanfor portrettering. Ein av dei er research. Under research gjeld det å skrive ned alt du veit fyrst og kjem på om objektet. Søk på nettet etter opplysningar og detaljar som kan gje nye vinklingar. Ring rundt til fleire personar som kjenner objektet. Prøv å fritte ut kva som kan ha vert eit vendepunkt i objektet sitt liv. Sjukdom, død, personar som har betydd mykje er bra. Også vanar, uvanar, noko objektet MÅ gjere. At foreksempel objektet skeia ut i russetida osv. er i botn svært uvesentleg. På research er ca. 1-2 dagar greitt.

Noko anna som spelar svært stor rolle under portretteringa er KVAR SKAL INTERVJUET FINNE STAD?
Dette er i p
rioritert rekkjefølge:
  • Heime hos objektet
  • På kontoret til objektet
  • På kafè

Når det gjeld sjølve intervjuet er det fleire moment som er viktige for å skape eit godt portrett.

  • Ver blid. Skap fortrolegheit.
  • Ver konkret. Still presise spørsmål. Ikkje avslutt med - eller..? Ikkje still to spørsmål samtidig. Ikkje svar sjølv!
  • Begrens antall tema til 2-3, maks 4. Gå i djupna. Utan å presse, spør om igjen viss du ikkje skjønner. Be gjerne objektet fortelje meir presis, gå i detaljar.
  • Ikkje lag alt for mange spørsmål. Fordi ellers blir intervjuet ikkje så åpent og frittalande som ellers.
  • Det er lurt å skapa tillit, men ikkje kome for nærme objektet. På denne måten kan det hindre eit kritisk bilete på objektet.

NB: Når det gjeld kun eit avisportrett er det framleis svært essensielt å bruke ein opptakar. Dette er bra for å få formuleringar og uttrykksmåten. Du kan derfor gjengi dette. 
Når det gjeld å gjere portrettet ferdig. Altså utskrivinga. Der kan du stille deg følgjande spørsmål: Kva er viktig? Kva fortel du kollegaene når du kjem tilbake? Målet med portrettet er å skape ei levande og underhaldande historie. Det er også viktig å halde ein viss distanse til objektet. (Alltid bra å bruke metaforer, men dei må vere riktige. Ikkje overdriv!)

Det er svært viktig at teksten må ha flyt og rytme, du kan veksle mellom korte og lange setningar. Det er lov å karikera - altså å vere romsleg med sanninga.

Før du lar "saka" komme på trykk er det viktig å la objektet lese gjennom manuskriptet før det kjem på trykk, for å unngå overaskelsar for begge 

partar. Men - objektet kan berre korrigere postive feil i eigne uttalelsar.

Men fyrst av alt må du velgje eit intervjuobjekt. Eller så har du inga sak å skrive.

Men korleis skal me velgje intervjuobjekt? Kven som helst har noko interessant å seie, så alt kan i grunnen portretterast. Det viktigaste er å skrive om noko man interesserer seg for eller nokon som har ein meining om ein sak man interesserer seg for. Personar som er store i kjeften og/eller har sterke meiningar er ofte lette å skrive om.

Framgangsmåte

Objektet eg valde var den lokale dansaren Ramon Navarro. Han var aktuell med Dans utan grenser. Eg valde ei blanding mellom det biografiske portrettet og det naturalistiske portrettet. Det neste stadiet under portr

etteringa var å finne research om Ramon. Eg søkte på lokale sider som Luster Kommune og Sogn Avis om dansegruppa Illusion (som Ramon er medlem i..) Deretter var det grunnleggjande å byggje seg ein disposisjon om kva eg ville ta opp. Som nemnt ovenfor gjeld det å minske ned tema: sidan Ramon var aktuell med dans valde eg å gå djupare inn på det. Her brukte eg ca 1-2 dagar på research. 

Det neste stadiet var å velgje ut kvar intervjuet skulle ta stad. (Ei problemstilling eg SJØLV sette meg opp i var at eg valde å ikkje ta eit radioportrett først og deretter skrive av det han sa. Dette hadde vert mykje lettare og hadde tatt mykje mindre tid.) Eg tok eit avisportrettintervju for seg sjølv. Intervjuet tok stad i heimen til Ramon for å skape ein nærleik av føresetnadane han har.

Når det gjaldt inte

rvjuet var det svært viktig å vere forberedt. Å ikkje møte med klare spørsmål og tema er idiotisk. Eg planlagde lenge og brukte svært lang tid på å bestemme kva som skulle vere vinklinga. 

Teksten som eit ferdig produkt blei svært enkelt. Teksten var svært lettleseleg og orda var enkle. Teksten har ein fin form og rytme og varierar mellom korte og lange setningar. 

(For å ta opp dei problemstillingane eg sit att med etter portrettet var ferdig: Biletet eg valde er ikkje essensielt. Dette er fordi Ramon for på tur akkurat då eg hadde planar om å ta biletet og derfor fekk eg ikkje tid før fristen til å ta biletet. Faren hans, Joep Navarro, sende meg eit bilete frå turen deirar til Thailand. Ei anna problemstilling er at eg sat alt for nært Ramon. Eg har kjent han i mange år og kunne derfor ikkje halde meg kritisk til han. Eg hadde ingen planar om å vinkle saka på dei negative sidene, men det er også ein viktig del 

av portretteringa for å fram både positive og negative sider.)

Radioportrettet

Det som eg har fått inspirasjon av innan radioportrett: Her

Framgangsmåte

Radioportrettet byggjer på samme prinsipp som ovenfor. Forskjellen er at eg brukte maycom-opptakar for intervjuseansen og blokkinga. Intervjuet tok stad på treningssenteret der Ramon dagleg trenar dans. Dette var for å skildre dansestemninga enda betre, (dette er ved effektiv bruk av kontentum.)Dette er det samme som miljølyd."Miljølyd består av stort sett av lyd vi kan sjå på som sympton"(Lyd 2.0, s. 22)Det som er viktig når det gjeld medium er å planleggje. Også når det gjeld kjeldevalg. I forhold til Ramon måtte eg tenke på kven eg kunne bruke som kjelde. Det er i denne samanhengen viktig å ha kjeldekritikk.

  • Er kjelda truverdig?
  • Er kjelda objektiv?
  • Er kjelda nøyaktig?
  • Er kjelda eigna for formålet?
  • (Mediemøter, s. 40)
Om ein arbeidar med radio, gjer du alt sjølv: "du legg ein plan, gjer ein avtale, møter samtalepartneren, gjennomfører samtalen og tek opp det heile"(Lyd 2.0, s. 27). Men den aller viktigaste delen av lydopptak er sjølve ideen. Ein må vite kva ein skal formidle gjennom bodskapet. D

et eg ville formidle med dette portrettet var ikkje berre ei svært kjenslemessig skildring av Ramon. Men kor spesiell Ramon faktisk er!

Som utstyr brukte eg som nemnt Maycom, som er eit handhaldt opptaksutstyr. Når du skal intervjue er det viktig å bruke fokusering av lydkjelda. "Plassere mikrofonen så nær lydkjelda som mogleg"(Lyd 2.0, s. 29)

Innanfor lyd og lydprodusering som dette er all lyd som kjem med på opptaket viktigt. Derfor er det særs viktig at me ikkje fekk med støy. "Støy er uønsket lyd"(Lyd 2.0, s. 63). Smatting og smålydar, støy og ikkje språklege menneskelydar. Det er ting du vil unngå under opptak som er vanskeleg å få vekk under redigeringa. I min samanheng valde eg å ta intervjuet på eit treningssenter for det er der Ramon trenar dans til dagleg. Problemet var at derfor å få fram at han dansa ved bruk av lyd. Eg brukte derfor musikk og trampelydane frå dansinga som kontentum for å få ein effektivisert skildring. Men eg brukte desverre litt for lite kontentum.

Under radioproduksjon er det viktig å vite korleis du sit under ein samtale, korleis ein gjennomførar intervjuet og får det best moglege opptaket. 

Redigering
Etter alle opptaka og blokkingen
måtte me redigere det samen. Programmet me bruka til lydredigering er Soundtrack Pro. Ved bruk av klipping og liming, bruk av kontentum til og i overgangar. Redigeringa er det som tek lengst tid av heile prosessen. For å få overgangane gode og lyden til å passe bra, volumet justerast, bruk av inn og ut-fading og få det perfekte produkt. Det du gjer under redigerina er klipping og liming, gjennomgong av produktet, og deretter finpussingen til slutt. Om produktet skal bli bra, må redigera vere bra! Men det aller viktigaste når ein har eit radiointervju er å ha nok råstoff. Dette gjeld under film og. Utan nok råstoff og gode klipp har du problem. Men det er alltid noko som ikkje går som det skal. Eg brukte for lite kontentum for å skildre stemninga, hadde litt låg lyd under opptaket og var desverre litt for ukritisk til Ramon. Men alt i alt fungerar portrettet noko lunde.

(Om det er interesse for det kan eg leggje ut både avis- og radioportrettet)

EG LEGG VED PRODUKSJONSRAPPORTEN!

Læreplanmål:

· 1: planlegge, produsere, publisere, dokumentere og drøfte innhald i medieprodukt i ulike sjangrar og for ulike medium

 

· 2: drøfte problemstillingar knytte til journalistikk, informasjonsverksemd og marknadskommunikasjon


Ved Læreplanmål 3MKA er det i-forhold til mine produksjonar innanfor radio og avis ingen særs tilstrekkelige mål. Det læreplanmålet som passar best er det første, medan det andre tok eg for å få ein liten tilnærming.

 

Kvifor akkurat Ramon?
Intervjuet er både ein sjanger og ein arbeidsmåte. Når ein person eller som oftest ein journalist skal arbeide med eit emne, er det viktig at personen sjølv kan svare på desse spørsmåla: Hva vil jeg si? Hvorfor vil jeg si det? Hva kan leseren få ut av teksten?

 

Ramon Navarro er blitt ein markant person innanfor dansemiljøet i Indre Sogn. Nyleg hadde han ei førestilling frå Latvia-turen der det i tillegg blei vist ein dokumentar. 

Ramon er ikkje norsk, han har hatt mange ulike interessar, han har problem når det gjeld skulen, han er ein markant person i dansemiljøet i Sogn, han har adoptivbrødre. Det er så mykje ein kan sei om guten frå Nederland. I form av avis og radioportrett skreiv eg om han på begge typar medium. På avis valde eg å vinkle på ein annarleies måte enn ved radio, men det skal eg gå djupare inn på.


Vinklinga?

Under avis valde eg å bruke ein meir effektiv måte for skildring av miljøet, og ikkje gå heilt inn i Ramon som person. Eg ville spele på; kvifor han byrja med dans, og korleis han er som person. Men for det meste av avisportrettet er skildring av miljøet – i motsetning til radioportrettet.

 

Som eg nemnte valde eg å prioritere skildringar av miljøet for å heve stemninga. For å få lesaren til å setje seg inn i der handlinga føregår. Det skjer nå. I radio har eg prioritert å gå djupare inn på Ramon som person, kva er spesielt med han, kvifor valde han dans etc. Medan innanfor avis er det meir følelsar i biletet. Som t.d. der han snakkar om påverkinga av vennene.

 

Research?

Me fekk jobbe med portretta våre i veke 43, 44, 45, 46 og 47. Research spelar ei stor rolle når det gjeld slike former for avis- og radio. Eg planlagde lenge korleis spørsmål eg skulle stille til Ramon for å få han til å djupe seg ut. Eg skapte meir arbeid for meg sjølv når eg valde å ta avis under intervjuet med han, men det var for å få han til å tale meir fritt. Det er som oftast lettare å snakke til meg, og ikkje inn i ein maycom.
Dei personane eg intervjua under prosjektet var Carla Navarro, mora, Armando Navarro, eine broren og sjølvsagt Ramon Navarro sjølv. Etter avisintervjuet sat eg att med 9 handskrivne sider fylt ut tosiders.

 

Hindringar?

Innanfor avis hadde eg det relativt greitt når det gjeld hindringar. Stod litt fast med korleis eg hadde tenkt å vinkle saka. Eg hadde så ekstremt mykje råstoff å velgje mellom. Men under Radio sleit eg meir. Eg valde å utsette og utsette intervjuet med Ramon. Eg ville planlegge det så grundig, at eg knapt hadde trengt å redigere det i etterkant. Men når eg då kom til den avgjerande dagen der eg måtte intervjue han, stod eg på treningssenteret, kl 1900, med ein øydelagd maycom. Eg fekk heldigvis ein utsetting, grunna at Ramon kunne ikkje bli intervju dagen der på pga. matte heildag og heile helga var han på dansecamp i Førde. Men det løyste seg. Eg blei iallfall ferdig!

 

Opptaksstad?

Avis: Heimen hans. Radio: Treningssenteret.
På Avis valde eg då å intervjue han i heimen. Eg kunne sjølvsagt intervjua han på treningssenteret, men eg ville gjere det litt ulikt frå radio, sidan eg allereie hadde planlagd kor eg skulle intervjue han i omsyn til det. I heimen er det ofte ulike ting som ein lett kan skildre, som eg gjorde ved eit høve på vegen heim, der eg såg i ei hylle at det hang klenodium. Ulike fakta om han og familien som kan hjelpe på til å stille oppfølgingsspørsmål. Eg valde å bruke masse av det eg såg rundt om i heimen
INN i teksten.

 

Faglege og kreative val?

Intervjuteknikken er vanleg. Eg stilte oppfølgingsspørsmål som gjorde at eg fekk meir utdjupande svar. Dette var sjølvsagt viktigare innanfor radio, synst iallfall eg, fordi under avis kan du stoppe opp og stille eit spørsmål omformulert under intervjuet. Det blir vanskelegare innanfor radio. Men som journalist blir ein godt trent på å lytte. Derfor vil me alltid kunne stille eit nytt spørsmål ut ifra forrige svar, altså oppfølgingsspørsmål. Og på denne måten kan dei gode og interessante opplysningane komme fram.


Hugs journalistens ”gode tjenarar”: Hvem, hva, hvor, når, hvorfor, hvordan og hva så? Du har og tre andre gode spørsmål: Hva skuffer deg mest i denne saken? Hva imponerer deg mest? Hva forvirrer deg mest?


Men skal ein bli ein god journalist, må ein lære seg ulike teknikkar innanfor notatteknikk. Som t.d.: Notere alt, notere i etterkant og notere nøkkelord. Dette er tre teknikkar som skal bli tatt utgangspunkt i, iallfall under avis.

 

Møtestaden har eg sagt litt om kvifor eg valde den. Det er ofte opplysningar i heimen som gjer deg meir info enn om eg hadde tatt intervjuet på treningssenteret. Men under radio er det viktig å få fram det aktuelle, og i dette tilfellet er det at han dansa og tilbringer mykje av tida på trening.

Vinklinga har eg og sagt mykje om, men eg føler at det er viktig å variere litt, elles blir det svært einsidig. Ved noken portrett vel ein å gå djupare inn i personen, medan under noka portrett vel ein å skildre meir miljøet rundt og fortelje litt om personen, men ikkje gå veldig djupt inn i han/ho. Og det varierte eg mellom avis-og radioportrett.

 

Biletet kan eg ikkje komme med noko om, pga. tekniske problem. Minnekortet mitt er øydelagt, som og er i høve til den øydelagde maycomen, og dermed blei bileta sletta frå minnekortet, og eg fekk ikkje tatt bilete før fristen på innleveringa gjekk ut. Dermed fekk eg eit bilete av faren, Joep, frå ein nyleg tur til Thailand. Det er eit svært tøft bilete som er veldig bra og skildrar veldig godt omgivingane rundt, det ser nesten ut som om det er eit planlagt bilete.

 

Det eg lærte under opphaldet i Budstikka var at du skal ALDRI referere ting som er sagt foreksempel i tittelen, inn under ingress og i mellomtitlar. Det blir kjedelig og opptattaking. Tittelen: Humørspreiaren frå Nederland er veldig bra i forhold til tekst. Eg nemner inni portrettet at Ramon er ein veldig livleg og glad person som sprer glede. Han er og, som nemnt, frå Nederland. Det hadde vert veldig tamt om tittelen hadde vert foreksempel dansaren frå Nederland. Det er tittelen og biletet som skal fange merksemda til lesaren. Og tittelen er veldig bra, og eg trur at lesaren får følelsen av å ville lese portrettet. Biletet er veldig bra og, men det tok eg ikkje sjølv.

 

Ingressen sleit eg litt med, men kom fram til ein kort og grei ingress. Nokon vel å bruke sitat, medan nokon vel å gjere det enkelt. I mitt tilfelle vel eg å fortelje kvifor Ramon er aktuell i ei slik sak og kva som gjorde han aktuell og når.

Det er som nemnt, veldig viktig at ein ikkje tek opp att det som var nemnt i tittelen.

 

Resultatet av avisportrettet er eg veldig fornøgd med. Valet av vinklinga og måten å ta intervjuet på, altså på ei skildrande måte verkar veldig bra og eg føler eg at eg gjer det interessant med den intense skildringa av nærmiljøet. Eg er svært fornøgd med avisportrettet.

 

Heile teksten eg skreve på nynorsk, og det er mange tekstar per dags dato blir skrevet på bokmål vel å ta det hovudmålet eg er fødd opp med. Men med ingen intenst for ei verknad.

 

Teksten er oppbygd av Phatos à appellere til kjenslar. Eg stiller Ramon spørsmål om kvifor han byrja med dans osv. Og folk kan appellere med sine følelsar at det er kanskje noko i deirar liv som gjer dei ei spesiell drivkraft til å fortsette. Ramon gjev aldri opp, men ofte er dansen vanskeleg og han blir veldig nedfor. Der kan du sjå deg sjølv, det er mange som garantert slit med samme ting.

 

Det er ikkje ei spesifikk skrivemodell eg har vald. Iallefall ikkje med intensjon. Det einaste verkemidla eg har vald å bruke under portrettet er å skildre miljøet veldig intenst, og oppbygge teksten på Phatos. Tittelen og ingressen skal ikkje vere oppattakande og den skal vere lettleseleg.

 

Alt i alt særs fornøgd med det ferdige resultatet.

 


Ingen kommentarer: