mandag 31. mai 2010

Portefolio/2-Logo













Læreplanmål:
  • "Bruke ulike teknikker i idéutvikling fra research til ferdig konsept, dokumentere prosessen med idéskisser og presentere konseptet for en oppdragsgiver."
  • "Bruke form og farger som virkemidler i egne produksjoner og vurdere virkemidlene."
Framgangsmåte
Me fekk eit oppdrag av Ungdomsbasen å laga logo til Ungdomsbasen. Det fyrste eg byrja å gjere var å starte med idèskisser over korleis denne logoen skulle sjå ut. Eg var på gruppe med Andrs Huke og Elin Terese Svanheld. Ein logo må tilfredstille desse krava:
  • Må vere tidlaus
  • Må vere lettlest
  • Må kunne kjennast att
  • Må kunne brukast både i fargar og svart-kvitt
  • Må kunne brukast i forskjellige storleikar
Som inspirasjon såg eg på forskjellige logoar(Mediedesign, s. 190) Som t.d. Kellog´s.
Kellogs bygger på oppfinnelse av corn flakes. Kellogs kom til norden i 1929. Denne logoen kan minskast, forstørrast utan at kvaliteten blir dårleg, fordi den bruker bitmap og rekning istaden for pixler. Den er lettleseleg og alle kjenner den att. Dette gjorde eg ved høve ved tidlegare logo-bygging.

Målgruppa må vere klar: Kven skal du kommunisere ein bodskap med? I mitt tilfelle ungdom på Sogndal vidaregåande skule og ungdomskulane rundt om i fylket. Ungdomsbasen si heimeside er Her.

Ungdomsbasen tilbyr eit breitt og aktivt fritidstilbod til Ungdom i Sogndal Kommune i alderen 13-16 år og 16-20 år. Dei leggjer til rette for ulike sosiale ungdomsaktivitetar.

Fargebruken 
Fargebruken i ein logo skal vere lettydeleg og i somme tilfelle blir det
brukt som symbolikk. I vårt tilfelle brukte me ulike fargar ettersom det ikkje var definert noko fargebruk frå arbeidsgivar. Men logoen skal vere brukandes i svart-kvit og diverse fargar. (Mediedesign, s. 516)

Font:
Krav til bokstavar
  • Bokstavane må kunne identifiserast.
  • Bokstavane må vere forskjellege.
  • Bokstavane må vere enklast mogleg.
  • Bokstavane må kunne reproduserast.
  • (Mediedesign, s. 193-194)
Fontvalget kom av at fonten skal følgje krava ovenfor. Me valde å ikkje bruke løkkeskrift fordi det er vanskelegare å tyda. Lettleseleg skrift med fine former. Det handlar om at folk som ser denne logoen skal tyde ungdomsbasen utan å måtte analysere kva dette er.

Vurdering
Det handlar om å bruke ulike element for å byggje ei merkevare. Ein må derfor stilje følgjande spørsmål:
  • Kven skal kommunisere med målgruppa?
  • Kva vil vi oppnå med kommunikasjonen?
  • Kva skal vi kommunisere?
  • Korleis skal vi kommunisere det? 
Ved hjelp av forskjellige element skal du få fram eit brukbart produkt. Ein logo kan ha detaljar som ikkje toler å bli gjort mindre, eller som kan verke for spe til å forstørre. Logoen vår kan forstørrast og forminskast utan at kvaliteten blir dårligare.

Ingen kommentarer: