mandag 31. mai 2010

Portefolio/4-Plakat


 Læreplanmål
  • bruke form og farger som virkemidler i egne produksjoner og vurdere virkemidlene
  • utarbeide mediedesign for medieprodukter til papir-, skjerm- og lydmedier på bakgrunn av ideer hos ulike oppdragsgivere, og begrunne designmessige virkemidler
Det handlar om utarbeide eit medieprodukt. Komposisjon betyr samansetjing og blanding. (mediedesign 3.0, s.254)
Formgivinga si oppgåve er å gje bodskapen ei slik form at han best og raskast kan formidlast til mottakaren eller lesaren. Målet er å leggje til rette for rask forståing og korrekt forståing.
Ved den første delen av arbeidet starta me med idèmyldring. Det var ei stor gruppa som jobba ilag. Eg jobba under marknadsføringsgruppa og fekk ansvar i å vere med på å lage plakatar og brosjyre til Sogndal Filmfestival. Her er heimesida.
Som det største ansvaret mitt var å marknadsføre Sogndal Filmfestival. Under dette prosjektet fekk eg i oppgåve å vere modell og vere med på å bestemme kva type element som skulle vere med på plakaten. Idèen vår blei til slutt James Bond. Dette var for å få fram den stemninga me får av James Bond - me alle saman veit kven James Bond er og at han er tøff. 
Det finst mange former for kommunikasjon(bodskapsformidling) og medium(berarar av bodskap):
  • Tale
  • Lydsignal
  • Musikk
  • Kroppsspråk
  • og TRYKK
Dette er for å nemne nokre få. Det er eit hav av forskjellige bodskapar som skal formidlast. Kva medium som eignar seg best til å nå ut med bodskapen til ulike målgrupper er ei viktig vurdering. 

Når det gjeld tekst og typografi er det også viktige element iforhold til budskapen. Det aller viktigaste prinsippet innan typografi er kontrastar (mediedesign 3.0,s.235). Plakaten brukar ulike fontar for å skape ein kontrast og for å vektlegge forholda for å auke kontrastane. Poenget med dette er å få fram det viktigaste, medan det mindre viktige er synleg, men feng ikkje augene like godt som den meir utheva og store typografien. 

Det er fleire element som er med å byggje opp strukturen av denne plakaten. Fargane er med på å skape ein harmoni. Ved bruk av fleire fargar er eit godt prinsipp for å skape ein fargeharmoni. Me har brukt primærfargen GUL for å framheve det viktige med teksten på plakaten. Bakgrunnen på plakaten er kvit og ved bruk av primærfargen gul og tekstfargen svart det med på å underbyggje fargane sin symbolverdi og kontrast. Kontrast har vore eit viktig komposisjonsprinsipp. Fargane har også kontrastar. Ved hjelp av fargekontrastar blir det brukt for å underbyggje framhevinga av det viktige i plakaten. Typografien på plakaten har ein viss emneframheva form som gjer at det blir enkelt formidla ved ein enkel og talande skrift. Det blir også skapt ein stemning ved brukt av tjukkelse på skrifta, som også er kontrastar. Ved hjelp av feit skrift blir det skapt eit inntrykk som framhevar det elementere i plakaten.

Som nemnt var min hovudoppgåve ved denne plakaten å vere modell og komme med forslag om korleis me kunne marknadsføre sogndal filmfestival. Det mest grunnleggjande arbeidet rundt plakaten var det Karoline Lem som stod for. Produktet blei printa ut på både a3-a4 og a2 plakatar og kvaliteten på elementa vart ikkje senka. Produktet blei svært bra og godt samansett av ulike element som var med på å skape eit godt produkt.

Ingen kommentarer: