onsdag 30. april 2008

29 April. prosjekt

Tysdagen starta to timar med Ragnvald som skulle lære oss litt om lyd. Han viste oss forskjellege metodar for lyd som skal brukast i film. (passar bra for dei som skal lage film i klassen)
Han tok fram eit døme i Behind Enemy Lines der me fekk høyre kontentum veldig godt, fotsteg og "skremmande" musikk til når noko skulle skje. Me lærte iallefall ein god del om lyd.

Resten av dagen for meg og Ola gjekk ut på å tenke ut manus. Sidan me har hatt så god tid med prosjektet vårt, sidan me ikkje skal på radio før neste veke. Me valde oss ut nokre sangar som me ville spele på radioen, korleis opning me kunne tenkt oss, skal me utannonsere eller innannonsere sangane, og korleis intervjuobjekt me vil ha(i studio eller via telefon). Sånne ting som dette. Det vart mykje dautid den dagen der sidan intervjua eg skal ha skal eg ta i Gaupne i dag, med nokre born fra barneskulen og ungdomsskulen innanfor meiningar(som me har drevet me måndagen og fredagen).

Me er ikkje ferdig med manuset, og dagen i går gjekk og mykje på at eg leitte etter gamle manuset mitt til radiosendinga eg og Karoline hadde. Sidan eg ikkje fann den, prøvde eg å finne radiosendinga (via lyd sjølvsagt) og høyre korleis me gjorde det, sidan eg syns den sendinga vår var bra.

Oppgåva mi til måndag er sjølvsagt og intervjue ferdig og tenke ut manuset, kanskje skrive det ferdig.
Me fekk og til å avtale intervju med russepresident guro og at ho kunne komme i studio.
Me reiste heim kl 2.

(fekk ikkje lagt dette inn på bloggen i går pga. noko gale med bloggen, desverre)



Maycom, veldig mykje brukt i samanheng med radio.

28 April. prosjekt.

Måndagen starta med radio med Inge Kjell. Han hadde pratt litt vesentleg om korleis lage ei bra radiosending. Han sette også på ei radiosending som han syns var bra oppbygd, og som ein kunne bruke som mal. Han brukte dei to timane på starten av dagen til å hjelpe oss(alle i klassen) men mest meg og Ola, sidan me skal ha radiosending. På slutten av timen sette han på radiosendinga til meg og Karoline.

Etter 2 timar med han byrja sjølve hovudarbeidet, prosjekt i fordjuping. Eg og Ola fekk rådgiving på fredagen om korleis me skulle skrive saka, og hadde allereie byrja å intervjua folk i fjøra. Måndagen starta med det same.

Me satte oss ned for å velgje ut spørsmål som me skulle bruke til intervjua, og tankar om korleis manuset skulle bli sett opp.
Etter 1 time med rådslaging mellom oss, reiste me ut for å intervjue.

Me hadde allereie planlagt å intervjue Dag Skram sidan han er ein vaksen mann. Meininga med intervjua våre er at me skal få meiningane til folk i forskjellege aldrar. Me har allereie fått intervjua ei hyggeleg gammal dame nede i fjøra, og Dag var meir enn hjarteleg te å bli intervjua.

Intervjuet tok me i eit stille rom, aleine med Dag fordi ikkje me ville ha so mykje støy.

Etter å ha blitt ferdige med intervjua, gjekk me opp att og la dei innpå dataen. Me er ikkje heilt ferdige med intervjua og kjem til å redigere opptaka neste veke.

Me reiste heim halv 4.

(grunna problem med bloggen har eg ikkje fått skrevet dei to siste dagane, måndag og tysdag før i dag.)

fredag 25. april 2008

Prosjekt i fordjuping

Me måtte starta å skrive blogg idag, ein fredag 25.4.
Dagen starta med 2 tima med "korleis lage ein god film" med Daniel Volle, som har drevet med film sidan 8 kl. Me fekk sjå nokre av hans tidlegare arbeid, og fekk innblikk i korleis han lagar film, og korleis han får idear til å lage arbeida som han gjer, osv.


Etterpå byrja sjølve arbeidet med prosjekt i fordjuping.
Albertine måtte prate med oss anngåande "framdriftsplanen vår" og oppsettet av den. Me kom fram til at det var litt surrete og rett og slett ikkje bra nok skrevet. Vanskeleg å forstå planen.


Me satte oss derfor ned for å skrive ein meir grundig og betre plan. Med foreksempel "framgangsmåte, målsetting, problemstilling, research, osv"
Når me blei ferdig med den etter omtrent ein time arbeid la me den ut på fronter, med god respons fra Albertine at planen var bedre.


Dei siste timane av dagen var det å komme på korleis me ville vinkla saka me hadde bestemt oss for å lage. Altså RUSS. Ville me vinkle på historia til russen? kva folk syns om russen nå tildags? Korleis meininga folk har, osv.


Dagen før me skulle byrje å skrive blogg, altså planleggingsdagane, hadde me allereie byrja med å intervjue nede i fjøra, anngåande meiningar om russ. Me gjekk rundt å spørde folk nokre få spørsmål: Kva dei syns om russen? Er det meir festing no enn før? osv.


Det var mange som ikkje ville bli intervjua, slik at me ikkje blei ferdige og fekk dei opptaka som me trengte til innslaget vårt.

Men resten av fredagen gjekk ut på å fortsette med intervjua våre nede i fjøra, der me intervjua folk i alle aldrar og spørde dei kva dei syns om russ, osv.

Eg reiste heim med 14.00 bussen.

fredag 11. april 2008

Bilder fra utplassering







(Kjem fleire bilde seinare, men ha problem med minnekort)
Bilda ovanfor er bilde fra når eg ha vert ute på "oppdrag" og bilde fra arbeidsplassen.

Siste dag på jobb.

Kom på jobb kl 9.

Dagen starta med eit oppsummeringsmøte der forklarte gårsdagensavis, og ke han syns va bra og litt mindre bra. Innlegget mitt va inne i avisa i går, og han syns den va bra(da va pluss).

Etter litt diskutering so pratte me om sakane som me skulle ha til mandagsavisa, 12 side me sport til mandag.

Eg fekk i oppgåve å finne ut om Bærum fotballklubb, som ikkje hadde oppdatert heimesida si, dermed måtte eg ringe rundt, samme med Asker herrer, der eg mangla å finne ut spelarkjøp og spelarsalg, dermed ringte eg Hans Knutsen, sportssjef.

Han var ikkje særleg snakkesalig, og ba meg sjekka heimesida, so villesje han snakke meir. Dermed måtte eg rekne ut ved å sjå på tidsperiodar osv.

Etter litt spørde André om eg ville vere med å Stabæk trening, og eg sa hjerteleg takk. Eg fekk to oppgåver, spørje talentet Torstein, 16 år gammel debut i tippeligaen eit par spørsmål, kva han lika, kva han hata, osv. Og finne ut om Mike Kjølø skal spille mot Bodø Glimt til helgi.

Då me kom der fekk eg sjå litt av treningen, sidan eg ikkje fekk intervjue før treningen blei slutt.

Torstein, var hjerteleg med på eit intervju og eg fekk stilje han spørsmåla og fekk bra svar. Han er faktisk fødd i Lærdal.

Mike Kjølø stakk tidleg, dermed fekk eg ikkje snakke med han, men eg fekk vite at han ikkje skulle spele, og skaden ikkje var blitt mykje bedre, han trente iallefall ikkje på den treningen.

Etter treningen fekk eg sitte på med André heim, slek at da kunne eg gå for dagen. Eg takka for meg, og at eg fekk vere på budstikka, det har vert kjempekjekt å få eit innblikk i å jobbe i norges største lokalavis.

Eg fekk jobbe masse med intervju, korleis skrive ei sak veldig bra, sjekke kjeldene mine, osv. Jobben på Budstikka har vert interessant og veldig kjekk. Anbefala å søke utplasseringsplass der!

(det blir lagt ut eit par bilete fra event som kick off på ullevåll og eit par bilder fra arbeidsplassen generelt)

torsdag 10. april 2008

Dag 4.

Møtte opp på jobb til samme tid, kl 9.

Oppdraget mitt var å fortsette med Asker's fotballag for kvinner og bli ferdig med den iløpet av dagen.

Søkte rundt, ringte litt, eg mangla å finna ut om budsjettet deiras og målsetting. Resten fann eg ut ved å søke på internett og diverse overgangssider.

Da klokka blei 11, gjekk eg for å ete lunsj, og etter det fekk eg vite at eg skulle vera med Anders på Kick Off for kvinner på ullevåll der det skulle vere pressekonferanse, der diverse spelara hadde møtt opp og trenara.

Då me kom der var det forskjellege folk som hadde møtt opp. Foreksempel trine rønning fra Kolbotn var det, fotballpresident sondre kåfjord var der, ulla britt, og landslagstrenar Bjarne Berntsen osv.

Dei pratte om satsingen på kvinnefotball,landslaget og kven dei meinte var favorittar til å gå vinnande med gullet i eliteserien for kvinner. (Mens dei snakka tok eg eit par bilder)

Etter kvart reiste heile trenarstaben til dei forskjellege klubbane, for alle eliteserielaga opp, og sa målsettinga deiras.

Røa satsa iallefall stort med å komme langt i UEFA. (Dei vann serien ifjor)
Dei tre klubbane som blei spådd å vinne i år, var enten Kolbotn, Røa eller Asker.

Etter litt meir prating, skulle alle spelarane som var oppmøtt gå i garderobane og ut på ullevåll bana for å bli intervjua og tatt bilde av. Eg, som var ein fantastisk fotograf, tok eit par bilde med mobilen av både stadionen, bana, spelara og folk fra tv2 etc. Men det var vanskeleg å få takk skikkelege bilder, grunna overbefolka med journalista.

Då det blei ferdig reiste me bort til budstikka att i rundtom 2 tiden.

André Strømnes kom bort med ettermiddagsavisa og viste saka som eg hadde skrevet. Ikkje den altfor store saka, men eg er ganske fornøgd.

Tidsfristen blei ganske knapp,anngåande oppdraget mitt, så eg måtte forte meg å finne ut om målsetting og budsjett.

Eg ringte derfor Eli Landsem, gammal Asker trenar og spørde ho litt om Asker fotball.
Ho sa at budsjettet låg på rundt om 5 millioner kroner og at målsettinga var å nå toppen. Men for å bekrefte at dette var sant ringte eg noverande Asker trenar, Jan Aksel Odden Oppsahl, og spørde han det samme som med Eli Landsem, han bekrefta at det var rundt om 5 millionar som var budsjettet og at dei satsa på å utfordra om gullet og NM gullet.

Ein lang og tung dag blei øve kl 4, då reiste eg heim.
(Sportsjournalistar er ikkje forskjellege frå vanlege journalistar)

Det som var spesiellt med denne dagen var måten eg fekk sjå journalister i arbeid(ikkje kun dei fra budstikka) men fra tv2, vg, nrk osv. Det som gjaldt var å få vere den første til få intervjuet, beste bildet(tok fra forskjellege vinkler), men alt i alt virka det som ein kjempekjekk jobb!

onsdag 9. april 2008

Dag 3.

Det heile starta med at eg møtte opp til samme tid som gårsdagen, kl 9.
Resten av avdelingen var i møte da eg kom på jobb, dermed blei eg sittande litt på datamaskinen og søkte etter fakta til oppgåva mi til fredag. (Finne info om Asker fotball herrer og kvinner og bærum fotball.)

Etter møtet kom André Strømnes bort til meg og ga meg forskjellege alternativer for arbeidsoppgåver ut dagen.

Han ville at eg skulle lage ein artikkel som heite talent, fordi denne veka var det sportavdelingen sin tur. Du skal finne eit idrettstalent og spørje han 5 grunnleggjande spørsmål som foreksempel: Hva liker du? Navnet ditt? etc..

Talentet Torstein Andersen Aase på Stabæk's a-lag.

Eg prøvde opptil fleire vende å kontakte han, ringte til stabæk fotball osv, men han var det ikkje sjangs å få tak i.

Dermed blei det satt opp ei ny oppgåve til meg, å skrive om den veldig aktuelle saken: Ishockey U18-VM, som akkurat hadde blitt spelt i Riga.

Eg fekk oppgjitt noken navn og nummer og resultat, og utifra det skulle eg skrive ein artikkel om U18-VM. André ville at eg skulle leggje litt fokus på at det var 3 Frisk spillere i troppen, sidan Budstikka er lokalavis.

Eg ringte til Landslagtrener Ørjan Løvdal og spørde han nokre fåe spørsmål om innsatsen til gutane, Frisk spillarane sin innsats og opprykket til A-puljen.

(Norge sitt U18 landslag rykket opp til a-puljen ettersom dei gjekk seirande ut ifrå turneringen, fem kamper uten tap og slo Latvia som var på eigen heimebane)

Etter litt problemer med å få tak i "man of the match" mot Italia, Marius Gundersrud som var på sjukehus med skada finger, fekk eg tak i han og spørde han litt om mesterskapet.

Han var sjølvsagt strålande fornøgd og beskreiv innsatsen sin som "arbeidsprestasjon".

Eg skreiv ferdig artikkelen, i eit program som heite Metasaxo(programmet budstikka bruker for å skrive alle sakene i) og sendte den til retting.

Saka kjem på trykk i ettermiddagsavisa imåro.

Før eg reiste heim fekk eg vite at eg skal på Stabæk trening på fredag for å intervjue Torstein fra Stabæk fotball.

Eg reiste heim fra jobb bortimot kl 4.

(Har tatt nokre bilde fra jobbplassen med mobilen min, men blir ikkje lagt innpå før eg kjem heim.)

tirsdag 8. april 2008

Dag 2.

I dag starta eg litt seinare enn i går, kom meg bort til Budstikka når klokka var kvart på 9.

Andrè Strømnes og gjengen hadde allerede møtt opp kl 8, men eg hadde lov å komme til 9 tida.

Dagen starta med å nett diskutere litt, korleis sake som var aktuelle, og korleis oppgåver eg skulle få.

Eg byrja med å finne ut litt fakta om dei tre klubbane eg fekk ansvar for i går, og etter litt fekk eg ei an oppgåve om å lage ein "spørjing" om eliteserien for kvinner.

Eg fekk oppgitt navn og nummer på fleire sportsfolk som eg skulle ringe og spørje to grunnleggjande spørsmål.

1: Kem vinne eliteserien for kvinner i år?
2: Korleis trur du at det kjem til å gå med Asker?

Blant anna av dei nummera og navna eg fekk oppgitt, var Jan Jönsson, Stabæk trenar, og blant anna (lappen ligge på jobb, så har ikkje navnet) gammal landslagsspelar for kvinner.

Mange av kontaktane eg fekk oppgitt tok ikkje tlf, eller det var mobilsvar, så eg blei sittjande utøver dagen me å prøve å ringe opp igjen, å opp igjen..

Å sånn gjekk dagen, det var oppgåva mi, for idag.
Eg fekk og ein knapp læring om korleis skrive for avis, i eit litt greitt, men avansert program(hugsa ikkje navnet)..

Det som fascinerte meg med å jobbe i dag var måten dei samarbeida på.
Dei sete seg samen i møte å kjem me alle slags formeininga, uansett ke da måtte gjelde, dei seie kva enn dei vil.

Og om dei e frustrert, så ekje dei redd for å visa da. Budstikka e ein fantastisk plass å jobbe, iallefall har eg opplevd da hittil.
Eg reiste heim kl kvart på 3.

mandag 7. april 2008

dag 1 på jobb.

Det heile starta med å møte opp kl 8 om morgonen.
Andrè Strømnes var forsinka og kom ikkje før klokka var litt over 9. Eg blei sittande å leste vg i over ein time.

Da Andrè kom introduserte han meg for avdelingen hans, der eg fekk helse på tv-ansvarlege, journalistikk osv.
Etter eit par koppa me kaffi, eller sjokolademelk som eg drakk, blei det eit møte der me planlagde kven som fekk korleis oppgåver, heilt til avisa skulle trykkast kl 3, ettermiddagsavisa. Men først av alt, tok han opp ei avis der han klart og tydeleg viste at han va ikkje i humør øve forskjellege "skrivetabba" og "slurvefeil" som va komme på trykk. Han forklarte at slike ting ville han ikkje sjå meir.

Etter det blei fastsett fleire forskjellege oppdrag. Andrè Strømnes måtte vere på huset, fordi han hadde ansvar, mens nokon fekk i oppdrag om å avklare om Abbott-brødrene skal reise fra Frisk Asker eller ikkje. Det kom fleire saker opp i møtet, men me tok for oss det mest aktuelle.

Eg oppfatta aldri heilt namna på alle i avdelingen, men eg blei iallefall sendt ut på eit lite intervjuoppdrag saman med to kara, der ein av dei hadde ansvar for budstikka tv.

Me reiste bort til Nadderud og møtte på stabæk spelara, og spørde både noken av dei og Stabæk trenar Jan Jönsson om gårsdagens kamp.

Eg og mannen fra tv, fekk ansvaret for å intervjue Jan Jönsson og den nyinnkjøpte Johan Andersson, som blei tomålsscorer for Stabæk mot Lillestrøm. Korleis var debuten hans på heimebane, valget av klubb(kvifor valde han stabæk) osv.

Dagen blei lang, men desto bedre da me reiste til treningsstudioet Sats for å snakke me ytterlige fleire spelara, og sjå korleis treninga deiras gjekk. Eg fekk eit snarleg glimt av at Gunnarson tok seg ein liten trall på trimsykkelen, medan han las vg.sport. Du fekk sjå korleis dei strekte ut etter ein kamp, og fekk eit blikk i korleis det var å vere journalist. Tv2 var og på huset for å intervjue eit par spelara.

Stabæk virka som ei hyggeleg gjeng, og det gjorde dagen min morsom at eg fekk treffe dei.

Me kom tilbake til kontoret og eg fekk i oppgåve og gjere litt research på spelarstallane til Asker damelag, asker herrelag og bærum herrelag, budsjett, støtteapparat osv. og deadlinen min blei til slutten av veka. Andrè viste meg litt rundt på bygget på slutten av dagen, og forklarte dei forskjellege avdelingane.

Får håpe dagen imåro blir likebra som i dag.

Eg slutta på jobb kvart over 3.